Rådet går kraftig i rettes med medieoppslag som prøver å setja Jondalstunnelen opp mot Hardangerbrua som enten eller. I det offisielle Hardangersamarbeidet er det ikkje motsetnader mellom desse to vegprosjekta. Hardanger treng begge, i tillegg til gule vegstriper og rassikring.

— Forsøk på å gjera desse viktige sambanda i Hardanger til kamp om vegval Bergen - Oslo er splittstrategi, uttalar rådet, der ordførarane i alle dei sju kommunane i Hardanger er med i styret.

Dei minner om at både Hardangerbrua og Jondalstunnelen er bompengeprosjekt som er lokalt hovudfinansiert. Av statlege midlar har Jondalstunnelen vedtak om 50 mill. kroner eller ti prosent. Hardangerbrua skal ikkje ha statleg byggefinansiering, men det er rekna med 180 mill. kroner frå Staten til oppgradering av tilførselsvegane, noko som må gjerast uansett. Til samanlikning hadde Trekantsambandet om lag 750 mill. kroner i støtte frå statskassen.

I Hardanger er kraftig utbygging av infrastrukturen avgjerande for framtida. Samferdsle er det aller viktigaste innsatsområdet for regionen, sett ut frå det store etterslepet på vegbygging i Hardanger dei siste 30 åra, men mange positive tiltak er planlagde for dei komande tiårsbolk, heiter det i fråsegna.