I eit sluttord før prosedyrane tok til i Sogndal-saka i går, sa Hashin nok ein gong unnskyld til Hedda Karterudseters foreldre og slektningar.

— Dei har det mykje verre enn meg. Eg har også påført smerte til mi eiga kone. Eg har svikta mine vener og arbeidskollegaer, eg har svikta alle, sa Hashin.

Den drapstiltalte stod fram som ein sterkt angrande syndar:

— Eg har øydelagt livet til eit ungt menneske. Alt dette gneg meg slik at eg ikkje veit korleis det skal gå med meg. Eg greier ikkje kome vidare. Eg har også øydelagt mitt eige liv, sa Hashin. Han takka dei tilsette ved fengselet i Vik for å ha vore kjekke mot han, og snakka med han om at han må halde ut.

— Eg vil be om unnskyldning til alle, for eg trur ikkje eg vil leve lenge, sa Hashin til slutt.

I sluttordet fortalde han også litt om sin eigen bakgrunn. Han hadde drive som bonde til han flykta frå Somalia i 1991. Først ti år seinare kom han til Europa, og då til Tyskland. I mellomtida hadde han mellom anna budd ein periode i Etiopia.