Sunnhordland tingrett finn ingen avgjerande formildande omstende ved at den fornærma dansa rundt 22-åringen med hendene på ryggen og ropte "Slå meg, slå meg".

Bakgrunnen var ein diskusjon om plass i ein drosje. Den fornærma ungdommen fekk knekt nasa og kinnbeinet, og var sjukemeldt i tre veker.

Retten har i straffeutmålinga teke til følgje Høgsterett sine klare signal om at sterke allmennpreventive omsyn skal telja ved vald utøvd i ungdomsmiljø tilknytt utestader der dei involverte er påverka av alkohol.