Denne saka er fæl for oss alle. Ein tragedie. Eg ber familien til Asbjørn om unnskyldning for det som skjedde, sa 62-åringen i Sunnhordland tingrett i dag etter først å ha nekta einkvar førehandskunnskap om sonen (27) sitt åtak på Asbjørn Hvidevold som enda i drap 18.oktober i fjor.

-Kvifor ber du om unnskyldning? spurte aktor Benedicte Hordnes.

-Det er sonen min som sit der og som har gjort dette. Derfor ber eg som far om unnskyldning for det forferdelege som skjedde, svara 62-åringen, dels vendt mot slektningar av Asbjørn Hvidevold som sit på tilhøyrarbenkene i tingretten.

62-åringen sa i retten at han blant austevollingar generelt føler seg forhåndsdømt i drapssaka. Han har mista sambuar, vener og familie og fleire oppdrag med fraktefartøya sine, sa han.

62-åringen er i Halsnøy-drapssaka tiltalt for medverknad til lekamskade med døden til følgje. Han er i dag ferdig med si rettsforklaring.