• Eg ber om at han som har gjort det seier sanninga, slik at vi kan få vite kva som har skjedd. Vi greier ikkje å gå vidare før det.

— Vi har gått på grava kvar dag sidan dette skjedde. No i Førde har vi gått til åstaden. Livet kan aldri bli det same igjen.

— Anne var ei heilt fantastisk jente, omsorgsfull, målbevisst, hjelpsam, pliktoppfyllande, flink på skulen, snill og blid.

Mor til Anne Slåtten bad drapsmannen tilstå då ho seint i går ettermiddag vitna i tingretten.

Heilt til det siste var det uvisst om Marta Bjelland Slåtten ville greie å vitne under rettssaka i Førde. Ho var stemna som vitne av familiens støtteadvokat, Rune Tysse, i samband med erstatningskravet på totalt 750.000 kroner.

Men då mor til den avdøde sjukepleiestudenten bestemte seg for å gå i vitneboksen, blei det til ei gripande forteljing som gjorde uvanleg sterkt inntrykk på alle som var i rettssal 3 i Fjordane tingrett.

- Ei fantastisk jente

Mora skildra dottera som ei fantastisk jente. Heilt frå ho var lita var ho omsorgsfull og hjelpsam, målbevisst og flink.

— Ho var snill og blid, alltid i godt humør og positiv overfor alle, fortalde mora, og illustrerte historia med ei forteljing frå då Anne hadde praksis i Sogndal i fjor vår. Ho hadde gitt uttrykk for at ho hadde vore så heldig som hadde fått praksis der, og skrytte av arbeidsstaden.

— Eg hugsar eg sa til Anne at «du har no aldri vore anna enn fornøgde».

Anne Slåtten treivst godt i Førde.

— Ho likte seg. Det var kjekt på skulen og ho hadde funne kjekke venninner, sa mora.

Marta Bjelland Slåtten skildra eit svært ope forhold mellom ei mor og ei dotter. Dei to snakka med kvarandre på telefon minst to-tre gonger i veka. Og då ho i august 2003 blei kjæraste med Kjartan Hjorteland, kom det slett ikkje som noko overrasking.

— Vi forstod at noko var på gang før det, sa mora.

- Det verste du kan oppleve

Deretter bad advokat Rune Tysse ho fortelje om junidagen i fjor då dei fekk vite at Anne var sakna.

— Det var ein telefon som snudde livet på hovudet. Det er det verste som kan opplevast som foreldre. Det går ikkje an å skildre korleis livet har vore etterpå. Det har vore forferdeleg tungt. Eg kjenner det som eg har mista ein stor del av meg sjølv. Eg føler det som eg går rundt som ein funksjonshemma.

Like tøft har det vore for resten av familien. Yngste systera til Anne skulle ha eksamen i fjor vår, det orka ho ikkje. Eldste systera, som har mann og to barn, har også hatt det tøft.

— Hennar eldste er tre og eit halvt år. Han snakkar mykje om tante Anne, fortalde mora.

Også faren, Gudmund, har sterke reaksjonar. Han har ansvaret for drifta av gards- og sagbruket.

— Han gjer det han må gjere, som å stelle dyra.

- Sei sanninga

Marta Bjelland Slåtten prøvde seg på jobb eit par dagar i fjor sommar. Ho har dei siste åra arbeidd delvis i heimetenesta i Hjelmeland kommune og delvis i ein barnehage.

— Eg greidde det ikkje. Det blei for tøft i eit yrke der eg skulle vise omsorg for andre.

Mora, faren, dei to systrene og fleire andre familiemedlemer har følgt hovudforhandlingane heile veka. Støtteadvokat Rune Tysse ville vite korleis det hadde vore.

— Det har vore forferdeleg tøft, uverkeleg. Sidan dette skjedde har vi gått på grava kvar einaste dag. No i Førde har vi gått til åstaden. Livet blir aldri det same.

Deretter lurte Tysse på om ho hadde noko ho ville seie heilt til slutt. Og det hadde ho.

— Eg ber om at han som har gjort det seier sanninga slik at vi kan få vite kva som har skjedd. Vi greier ikkje å gå vidare før det. Det er heilt uråd.

Og som vanleg gav administrator, tingrettsdommar Terje Mowatt, tiltalte høve til å seie noko rett etter at Marta Bjelland Slåtten hadde var ferdig i vitneboksen. Tiltalte rista på hovudet og sa:

«Nei.»

I dag står berre prosedyrane att i rettssaka.

GRIPANDE: Marta Bjelland Slåtten, mor til avdøde, gjennomførte ei vitneforklaring som rørte alle i Fjordane tingrett. Til v. støtteadvokat Rune Tysse, på andre sida tiltalte med forsvarar Bjarte Buanes ved sida.<p/> GRO VIK (teikning)