OVE A. OLDERKJÆR

Denne veka tek Statsadvokatene i Rogaland endeleg stilling til om det blir reist tiltale mot kvinna som så sterkt ønskte seg eit barn, og som bortførte fire dagar gamle Ida Helene 23. juli i år.

Ei prejudisiell vurdering av kvinna konkluderer med at ho kan straffast for bortføringa dersom det blir reist tiltale. Det opplyser politifullmektig Thor Arne Reitan i Haugesund til Bergens Tidende.

Første i Noreg

Blir det reist tiltale, er det første gong ei slik bortføringssak kjem for retten i Noreg. Lovparagrafen som omhandlar bortføring av umyndige personar, opererer med ei strafferamme på inntil tre års fengsel. Ved formildande forhold kan det bli tale om bøter.

I åtte timar var vesle Ida Helene borte frå dei fortvila foreldra sine på Fylkessjukehuset i Haugesund. Babyen blei funnen i heimen til den vel 30 år gamle kvinna i Etne. Ho hadde innbilt sambuar og slekt at ho sjølv hadde vore gravid og fødd barnet på sjukehuset.

I varetekt

Barnet hadde ikkje lidd overlast under bortføringa. Kvinna blei pågripen og plassert i varetekt. Dagen etter blei ho sett fri, fordi politiet konkluderte med at det ikkje var gjentakingsfare.

Blir det reist tiltale, er det mest sannsynleg med basis i paragraf 216 i straffelova. Ved bruk av makt, tvang og fridomsrøving under bortføring, er to andre straffelover aktuelle. Då er det tale om inntil fem års fengsel som straff.