— Kvinna blir tiltalt etter paragraf 216 i straffelova, med ei strafferamme på inntil tre års fengsel. Tiltalen er nettopp forkynt for kvinna, seier statsadvokat Inger Marie Sunde ved Statsadvokatene i Rogaland til bt.no.

Tidlegare denne veka kunne BT melda at ei prejudisiell vurdering av den vel 30 år gamle Etne-kvinna konkluderte med at ho er strafferettsleg tilrekneleg. Kvinna som sterkt ønskte seg eit barn, bortførte fire dagar gamle Ida Helene 23. juli i år. Barnet blei ikkje skada under bortføringa, og kom til rette etter åtte timar.

Når det no er reist tiltale mot Etne-kvinna, er det første gong her til lands ei slik kidnappingssak kjem for retten. Haugesundsadvokaten Gullbrand Kjos er oppnemnd som kvinna sin forsvarar, og saka er beramma for retten 1. november.

Paragraf 216 i straffelova set ei strafferamme på inntil tre års fengsel for "den som bevirker eller medvirker til at en umyndig under 18 år ulovlig unddrages eller holdes unddragen fra sine foreldres eller andre vedkommendes omsorg eller myndighed". Ved formildande forhold kan det bli tale om bøter.