I smågrendene Matre, Baugstranda og Åkra er ni kvinner gravide, i Ølve er det elleve. Og i Mauranger har talet på born under skulealder auka til 16, melder bladet Grenda.

— Dette er absolutt gode meldingar som tyder på at fjorårets folketalsnedgang var eit forbigåande fenomen, seier ordførar Aksel Kloster til Bergens Tidende.

Ei av dei gravide kvinnene i Matre-Åkre-krinsen seier lattermildt til Grenda at elendige fjernsynsprogram ein periode i fjor kan vera årsak til babyboomen som no inntreff. Ordføraren seier at kommunen ikkje har gripe direkte inn i saka.

— Men me har munnleg oppmoda utkantane i Kvinnherad til å snu utviklinga med folketalsnedgong. Me har til no hatt ei sentralisering også i vår kommune, seier Kloster.

Tilbake i fjor

Folketalet gjekk ned med 60 i fjor etter ein auke frå 12.000 til 13.200 i løpet av dei siste tretti åra.

— Det er flott det som skjer i Åkra, Baugstranda og Matre, som gjekk tapande ut av striden om vegutløysing for Kvinnherad. No skal Sunnhordland Kraftlag byggja ein ny kraftstasjon for 420 millionar kroner i desse livskraftige bygdene, seier Aksel Kloster, som også ventar inn positive meldingar om nye verdsborgarar frå Fjelberg og Halsnøy.

Lokalavisa Grenda fekk nyleg samla ni frodige kvinner på den nedlagte skulen på Baugstranda, tidlegare kjend som ungkarsbygda i Kvinnherad. Alle dei ni kvinnene frå området ventar born innan sommaren. I tillegg kom det ei lita jente før jul, og snart skal ein familie adoptera eit barn frå Kina.

Fire på ein gong i Etne

Aksel Klosters kollega Amund Enge i nabokommunen Etne kan også gleda seg over ein etterlengta folketalsauke. Torsdag fødde fire Etne-kvinner kvar sin baby på Haugesund sjukehus.

Dei nybakte mødrene Unni Grønstad, Reidun Sande, Ragnhild Silde og Line Grindheim seier til Haugesunds Avis at det ikkje var planlagt at dei skulle føda på samme tid. Og ordførarer presiserer at det ikkje var organisert frå kommunalt hald.

Etne har i dag 3959 innbyggjarar og kan i år sprengja 4000-grensa.

TRENDSNUARAR: Desse kvinnene frå grisgrendte Åkra, Baugstranda og Matre kan snu folketalsutviklinga i Kvinnherad frå minus til pluss. Frå v. Jorunn Karin Furdal (35), som ventar barn i juli, Vigdis Kvame (30), termin i mars, Lene Vidvei (22), termin i juni, Venke Ølvestveit (23), termin i april, Henny Irene Vik (25), termin i mai, Laila Lyngnes Tungesvik (26), termin i januar, Janne Daltveit Tveit (32), termin i april, Anne Grethe Berge (31), termin i februar og Anne Kristin Breived (25), som fekk ei jente 9.desember.
FOTO: IVAR VAAGE, GRENDA