Vanlegvis utløyser meningokokk-bakterien hjernehinnebetennelse, men i dette tilfellet gjekk sjukdomen rett i blodet. Når det skjer, er det stort sett ingenting å gjere.

— Då er det berre snakk om nokre timar frå ein er frisk og rask, til ein ikkje er meir, seier kommunelege Jan Helge Dale til avisa Firda. Kommunelegen veit så langt ikkje kva slag meningokokk-bakterie det er.

— Men vi veit at han er smittsam, seier Dale. Han reknar med å få svar på kva type bakterie det er i dag. Den triste hendinga har skremt opp foreldre i kommunen, men kommunelege Dale seier det er sjeldan at fleire tilfelle kjem etter kvarandre.

Den næraste familien til babyen som miste livet har fått behandling. Utover dette blir det førebels ikkje sett inn andre tiltak.