Sjursen kravde 15,5 millionar kroner frå Bergens Tidende, etter at avisa i fleire artiklar omtalte måten han dreiv selskapet på og formidla reaksjonane frå kundane hans.

Men Bergen tingrett har no samrøystes avvist kravet, og Sjursen er i staden dømt til å betale avisas sakskostnader på nær 255.000 kroner.

Ikkje avisa sine meiningar

I retten kravde Sjursens advokat, Ole Gramstad Jensen i advokatfirmaet Per Danielsen & Co AS, i tillegg at tre konkrete utsegn vart erklært døde og makteslause. Desse dreidde seg om at kundar hadde meldt Sjursen til politiet, og at dei meinte seg utsett for bedrageri og svindel etter å ikkje ha fått dei flyreisene dei hadde betalt for.

Men Bergen tingrett meiner at korkje Bergens Tidende eller Sjursens kundar har sagt at han har begått bedrageri eller at han er ein bedragar. Men kundane meinte seg lurt då dei ikkje fekk flyreisene dei hadde betalt for, og det er desse meiningane avisa har formidla, ifølgje retten.

— Det er ikke holdepunkter for at avisen har gjort dem (meiningane, red.merkn.) til sine egne, står det i dommen.

Sentralt i saka står spørsmålet om korvidt utsegnene i BT er å sjå på som verdivurderingar eller faktaopplysningar. Retten meiner alle dei aktuelle avsnitta er å sjå som verdivurderingar, altså ikkje som noko faktum som Bergens Tidende må føre sanningsprov for.

— Utsagnene (...) kan ikke betraktes som beskyldninger om at Sjursen har begtt et straffbart forhold, men som meningsytringer/karakteristikker om klanderverdige forhold fra kunder som føler seg lurt. Det er (...) således tale om referat av en karakteristikk, skriv retten.

Feil premissar

Retten peikar vidare på at det var frå Sjursens eigen advokat at BT fekk opplysningane om at han var politimeld, og at desse vart bekrefta av politiet før dei kom på trykk i avisa.

— Retten finner det klart at avisen har gitt en korrekt og balansert fremstilling av saken, heiter det i dommen, der retten også peikar på at Sjursen fekk alle sjansar til å korrigere eller uttale seg, men at han i stor grad ikkje ønska å bruke denne sjansen.

Sjefredaktør i Bergens Tidende, Einar Hålien, meiner det er ein god og prinsipielt viktig dom for ytringsfridomen.

— Dommen er heilt som forventa. Det er ein oppdatert dom som tar inn over seg den nye praksisen frå menneskerettsdomstolen i Strasbourg, seier Hålien.

— Retten tar dessutan lesaren på alvor, i den forstand at den føreset at lesaren oppfattar samanhengen i det som står på trykk.

Motparten meiner på si side at retten har bomma på eit sentralt punkt i domspremissane.

— Retten kaller det BT skreiv for verdivurderingar og ikkje faktaopplysningar. Vi hevdar at det klart er snakk om faktaopplysningar, og dermed må avisa føre prov for dei, seier advokatfullmektig Ole Gramstad Jensen til Bergens Tidende.

— Dette er eit klart ankegrunnlag, og rådet til min klient er å gå vidare med denne saka.