Tidlegare i november kunne BT fortelje at BNR kan tape kampen om dei tre hurtigbåtrutene i Sunnhordland på grunn av ein reknefeil.

Oma båtbyggeri hadde gjeve BNR feil tal for drivstofforbruk, noko som gjorde at dei vart dyrare enn hovudkonkurrent HSD.

No har advokat Børge Kunstad gått gjennom saka for BNR, og han konkluderer med at selskapet må få lov til å få justere tilbodet sitt til Fylkeskommunen.

— Så lenge dette er ein teknisk feil og ikkje ein taktisk, meiner han det er ei opning for dette i regelverket for offentlege anbod, seier BNR-sjef Trygve Tønnessen.

  • Korleis kan de dokumentere at feilen ikkje er taktisk?

— Det har Oma dokumentert. Dei har gjeve rett pris til HSD, men feil til oss. Det har dei skrive sjølve til Fylkeskommunen direkte, seier Tønnessen.

Brevet frå advokat Kunstad gjekk til Hordaland Fylkeskommune rett før helga, medan Omas brev kom for snart to veker sidan.

— Vi har sjølvsagt diskutert saka, og BNR skal få eit svar i løpet av eit par dagar, seier Rolf Rosenlund, nestleiar i samferdsleavdelinga i Hordaland Fylkeskommune.

Det er fylkesrådmannen som skal endeleg avgjere kven som får anbodet. I følgje Rosenlund skjer det allereie i løpet av dei neste to vekene.