JOHN LINDEBOTTEN

john.lindebotten@bt.no

Tysdag i førre veke vart det kjent at Fjord 1 tek over HSD sitt største ferjesamband, Halhjem-Sandvikvåg, frå 1. januar 2007.

Det er fylkesrådmannen som har gjeve snøggbåtløyvet Kleppestø-Bergen til "nye" BNR. Løyvet går frå 1. april 2005 og varer til og med 31. desember 2014.

Det er lagt opp til ei vidareføring av dagens rutetilbod, med same opningstider og frekvens som i dag. Ruta skal følgja same takstregulativ som bussrutene i fylket, slik fylkeskommunen til ei kvar tid fastset.

Det kom inn i alt 8 anbod på ruta. Blant dei aktuelle anboda varierte kravet om årleg tilskot frå om lag 250 000 kr til om lag 3,5 mill. kr.

BEINVEIEN: HSD får ikkje lenger drive snøggbåtruta mellom Bergen og Askøy.