Styret i BKK har vedteke å gå inn med fire millionar kroner i fullskalautgreiinga av prosjektet, og er innstilt på å delta i selskapet som eventuelt skal driva det store vindmølleanlegget på Midtfjjellet over Fitjarbygda.

Det er tale om investeringar på i alt 500 — 600 millionar kroner og ein produksjon på 310 gWh (gigawatt-timer) frå 33 vindmøller som ragar 80 meter over bakken. Naturvernarar har alt markert sin skepsis til Fitjar-planane.

Fitjar Kraftlag har fått utført svært lovande vindmålingar i området. I tillegg er det alt bygt veg opp i området. Lokaliseringa på Midtfjellet har også den fordelen at det er kort veg til 300 kilovolt-kraftlina på Litlabø som kan ta unna ein stor kraftproduksjon på Midtfjellet.

— Det er fint at BKK vil vera med. Vi har også sendt invitasjon til Sunnhordland Kraftlag. Fleire andre interessentar har vist vilje til å delta, seier elverksjef Ole Vidar Lunde i Fitjar Kraftlag.

Lunde reknar med at ei konsekvensutgreiing vil ta eitt til to år. Dermed er Midtfjellet-prosjektet på etterskot i forhold til eit mindre vindkraftanlegg som Statkraft har prosjektert på Austevoll.

Norsk vindkraft er dyr å produsera i forhold til vasskraft. Vindmølleparken på Fitjarfjellet er difor avhengig av statleg støtte for å bli realisert, understrekar styreleiaren i BKK, Per Kragseth.