Administrerande direktør i Askøy Energi, Dagfinn Åsen, seier til Kystradioen at selskapet også skal satsa på sal av telefonsentralar. Etter generalforsamlinga i veka som gjekk, er det nå også klart at namnet Askøy Energi skal behaldast.

Det gamle styret er skifta ut og redusert frå sju til fire personar. Styreleiar blir administrerande direktør i Fredrikstad Energiverk, Per Christian Olsen. Avtroppande styreleiar Jan Mikkelsen seier at det er vemodig å overlaga energiselskapet til ny eigar.