Det skriv avisa Firda.

— Alle som er i Trondheims-området vil jo til staden Hell for å kunne seie at dei har vore midt i helvete. Eg trur berre skilta vil føre til nysgjerrigheit hos turistane, seier den engasjert pensjonisten Rolf Refsdahl til Firda. At nokon kan tolke dei tre store bokstavane som ei åtvaring mot å gå inn har han ikkje tru på.

To skilt på fasaden til Høyangerbadet som les ordet "bad" har undra mange, blant anna avisa Ytre Sogn. Dette er enkelt og greitt for dei som skjønar norsk. For ein engelskspråkleg turist må inngangen til badet virke noko mindre innbydande når han les ordet "dårleg" ved døra. Svært klar over ordets andre betyding trekkjer Refsdahl linjer til annan morosam om enn misvisande skilting i Noreg.

— Du har jo og Verdens Ende ved Tjøme, det er jo litt artig ikkje sant. For han verkar språkforfjamsinga mest positiv og vonar at det trekk til seg turistar som stikk hovudet innom for å sjå kva som er så dårlegt.