Natt til 23. mars i fjor vart ei kvinne (48) livstrugande skada då taxien ho sat i køyrde rett inn i ein stilleståande politibil på Puddefjordsbroen.

Politiets cellebil sto parkert i høgre køyrefelt, utan at verken køyrelys, blålys eller nødblink var slått på.

Den 41 år gamle sjåføren vart i mai dømd til

for brot på på straffelova paragraf 238 ved at han påførde betydelig skade på kvinna i baksetet.

Sjåføren vart òg dømd til å betale 100.000 kroner i erstatning til kvinna, og han miste førarretten i to år.

No har lagmannsretten avvist sjåførens anke. Dette skriv NRK.

Ueinig i dommen

— Min klient er jo ueinig i dommen frå tingretten. Han har bedd meg vurdere om saka kan ankast til høgsterett. Dette er noko eg må diskutere med min klient, seier forsvarar Ørnulf Samdal til NRK.

Ulykka i mars i fjor fann stad klokka 01.25 då sjåføren var på vei vestover på Puddefjordsbroen.

I baksetet sat ei kvinne utan bilbelte. På brua stod ein politibil parkert utan blålys eller parkeringslys i nattemørkret.

Denne kolliderte taxien med.

«Markant ubevisst uaktsom»

To dommarar i Bergen tingrett meinte sjåføren var «markant ubevisst uaktsom» forut for ulukka.

Retten meina at han hadde sett den parkerte politibilen om han hadde hatt auga på veien. «Da kunne han ha svingt unna», heter det i dommen.

— Det var mellom anna på grunnlag av retten si vurdering av dette at min klient valte å anke saka, i tillegg til nokon andre punkt som har med retten si vurdering av bevis å gjere, seier Samdal.

Sjåføren har 14 dagar på seg til å anke saka vidare til høgsterett. Dei behandlar saka dersom lagmannsretten har gjort feil i saksbehandlinga, skriv NRK.