Dermed har saka, som har vekt stor oppsikt, fått si endelege avgjerd.

Gerda Frøyen opplevde å miste sonen, Ole Johan Grønskag som tok livet av seg. Frøyen meiner dødsfallet kunne vore unngått dersom oppfølginga frå helsevesenet i kommunen hadde vore betre. Ho har også klaga på at ho som mor og pårørande ikkje blei informert om sonens psykiske helsetilstand.

No har Sivilombodsmannen gitt Statens helsetilsyn i fylket full ryggdekning for sakshandsaminga. Frøyen seier ho er usamd i avgjerda, men kjem ikkje til å gå vidare.

Fann 1800 tablettar

Det var i mai for tre år sidan 34 år gamle Ole Johan Grønskag gjorde ende på livet. Grønskag var utdanna arkitekt, men var i ferd med å skape seg eit namn som forfattar. Han hadde mellom anna fått eit skodespel framført på Sogn og Fjordane Teater.

Han framstod som kreativ og full av ressursar, men sleit med psyken.

— Gjennom telefonsamtalane våre kunne eg frå dag til dag høyre korleis tilstanden var, seier mora.

Ein månad før han døydde skadde han seg sjølv alvorleg, men vart ikkje tvangsinnlagt. Dette er ein del av klagen frå Gerda Frøyen som meiner sonen då burde vore innlagt.

Ho har vidare klaga på mangelfull oppfølging får ein sjukepleiar i månadene før sjølvmordet. Det vart funne kring 1800 tablettar i huset der han budde. Dette tolkar mora slik at helsepersonellet verken sjekka om han tok medisinane, eller om medisineringa var god nok.

Frøyen klaga i tillegg på at ho som mor ikkje fekk informasjon om korleis det gjekk med sonen. Grønskag hadde sagt klart frå om at han ikkje ønskte at mora skulle få informasjon om samkvemmet med kommunelegen og sjukepleiaren.

Fagleg forsvarleg

Helsetilsynet konkluderte med at det var brot på helsepersonellova at sjukepleiaren ikkje journalførte helsehjelpa på ein forsvarleg måte. Lovbrotet er likevel ikkje så alvorleg at det gjev grunn til reaksjonar utover kritikken.

Dei andre klagemåla blei avslått. Vurderingane legen gjorde då han ikkje la Grønskag inn med tvang etter sjølvskadinga ein månad før sjølvmordet, blei vurdert som fagleg forsvarleg. All den stund pasienten ikkje ville leggje seg inn frivillig, meinte legen krava til tvungen behandling ikkje var stetta. Og helsepersonellet tolka lova rett når dei heldt seg til teieplikta, og ikkje fortalde noko om helsetilstanden til mora etter at sonen hadde nekta dei dette.

Sivilombodsmannen gjev full ryggdekning til Helsetilsynets handtering. Ombodsmannen vedgår likevel at mangelfull journalføring gjer det vanskeleg å få eit fullgodt bilete.

— Dette var sjølvsagt uheldig og er funne lovstridig. Eg har likevel ikkje funne grunnlag for å kalle dei kommunale tenestene som er ytte for uforsvarlege, skriv sivilombodsmann Arne Fliflet.

Lange år

Denne konklusjonen finn Frøyen merkeleg:

— Eg har klaga på at Ole Johan fekk for dårleg oppfølging. Dei konkluderer med at journalføringa har vore mangelfull, og at styresmaktene difor ikkje heilt og fullt kan ta stilling til kva som har skjedd. Det opplever eg som underleg, og akkurat dette kjem eg nok til å påpeike overfor ombodsmannen.

— Eg opplever det slik at det ikkje er råd å kome nokon veg, systemet vernar om sine eigne, seier Frøyen.