— Det var kun eg og henne på mitt kontor, og eg avhøyrde henne. Avhøyret er protokollert, opplese og vedteke, sa lensmann Vebjørn Moa i siu vitneforklaring.

Det var i Fjordane tingrett tirsdag at den medtiltalte mora til hovudmannen i amfetaminsaka i Stryn forklarte at ho vart regulært avhøyrd av ein kvinnleg politibetjent, men at eit avhøyr med lensmannen seinare på dagen aldri hadde skjedd. Ho vart først seinare kjent med at det eksisterte to avhøyr, sa ho i retten.

Forsvararen hennar, advokat Stein Erik Ottesen, eksaminerte lensmannen grundig om forholda rundt avhøyret.

Einaste innrøminga han fekk ut av den erfarne lensmannen, var at han muligens kunne ha gløymt å sette signaturen sin på avhøyrsrapporten og ein seinare eigenrapport.

— Det kan vere ei forgløyming, sa Moa.

Til slutt ville forsvararen vite om Moa hadde uttalt noko ala «sjå på henne, stolar ho ikkje på oss» da den 54-årige mora til hovudtiltalte skulle lese gjennom avhøyret sitt etterpå.

— Slike uttalelsar har eg aldri kome med, sa lensmann Vebjørn Moa.