RV krev offentleg gransking, helst av Økokrim, av den påståtte industriskandalen på Odda Smelteverk. Terje Kollbotn bad om realitetsdrøfting i gårsdagens formannskapsmøte, men ordføraren sa blankt nei.

— Slike saker krev ei seriøs saksutgreiing frå administrasjonen. Rykter og uttalar til media er ikkje godt nok grunnlag, seier ordførar Mikkelsen til Bergens Tidende.

Men også han ser trongen for ein politisk gjennomgang av turbulensen rundt Odda Smelteverk, og tek sikte på å kalla inn heile kommunestyret til ekstramøte 4. desember.

Mikkelsen innser at også dei siste arbeidsplassane ved smelteverket kan gå tapt, og kommunen må snarast sikra seg kontroll med det svære industriarealet som dekker om lag halve Odda sentrum. Nokre av bygningane er vel verd å ta vare på, andre ikkje. Ordføraren ser for seg ein næringspark som hovudelement, men også andre behov for utvikling av sentrumsområdet kan finna si løysing.