– Ei heilt turvande avklaring seier rådmann Einar Hauge til bt.no.

Voss kommunestyre vedtok torsdag kveld sin kommunedelplan for reiseliv for dei komande åtte åra.

Punktet om vertskapsrolla vart vedteke med 33 mot 11 røyster. Mindretalet, Frp og Høgre, røysta for ei formulering som opnar for privat drift, og som Destinasjon Voss ynskte.

Den utilsikta kritikken av profesjonaliteten ved turistkontoret til no, vart fiksa ved å setja inn ordet framleis. I planperioden skal eit profesjonelt apparat ivareta vertskapsrolla.

Reinsdyrsafari vart teke ut av planen fordi reinsdyrflokken er for liten til at slikt kan vera beredyktig.

På den andre sida kom atterreisinga av laksestamma i Vosso inn som nytt punkt i planen.

Det same gjorde ein ny framstøyt for parkeringshall i fjell, med avkøyrsle inne i den framtidige tunnelen bak Vangen og gangtunnel til vangsgatene. Før sa Statens vegvesen nei til avkøysle i tunnel, men no tillet dei rundkøyring inne i Vallaviktunnelen for Hardangerbrua.

– Då må dei også kunne tillata rundkøyring inne i Vangstunnelen, hevda forslagsstillar Hans Erik Ringkjøb.

Parkeringshallen vil venteleg koma i konkurranse med kjøpennene sin plan om underjordisk parkering på Hestavangen, eit prosjekt som er lagt på is i finanskrisa.