EYSTEIN RØSSUMeystein.rossum@bt.no — Våre fagfolk på området har gått igjennom rapporten frå Farstads Materialkonsult. Dei kan ikkje sjå at han tilfører noko nytt i debatten, seier informasjonsdirektør Tore Høifødt i Det Norske Veritas (DNV). Rapporten er forfatta av aluminiumseksperten Ola Farstad, som har 25 års erfaring blant anna med prosjektering av offshore-installasjonar i stål og aluminium. Kjem ikkje med tilsvar Farstad er sterkt kritisk til måten "Sleipner" var konstruert og sveist saman på, og stiller spørsmål ved om dette kan ha ført til at båten revna i to og sokk på 40 minutt. Han har også innvendingar mot måten Marintek i Trondheim undersøkte denne sida ved havariet på, etter oppdrag frå undersøkingskommisjonen.Det Norske Veritas har ingen planar om å gå nærare inn på Farstads påstandar. - Rapporten stiller ei rekkje spørsmål, og set fingeren på mange problemstillingar. Men desse problemstillingane meiner vi det er tatt høgde for i krava til styrke, sveisekvalitet og materialval, seier Høifødt.- Kva kjem de til å gjere med rapporten? - Vi har gått grundig igjennom han. Meir kjem ikkje til å bli gjort frå vår side.- Er det ikkje naturleg å gje eit tilsvar når det blir sådd tvil om båtkvaliteten etter ei så alvorleg ulykke?- Det viktigaste for oss er å ikkje gå glipp av relevante faglege innspel. Difor har vi gått grundig igjennom rapporten, seier Høifødt. Provosert av DNV Det Norske Veritas klassar om lag 70 prosent av dei større snøggbåtane i verda, det vil seie at dei er bygde etter DNVs krav og blir kontrollerte av DNV med jamne mellomrom.Også Sjøfartsdirektoratet har fått tilsendt rapporten frå sivilingeniør Farstad.- Vi ønskjer å drøfte saka med Det Norske Veritas. Vi har sjølve ikkje gått inn i rapporten, seier avdelingsdirektør Konrad Magnus Havig i Sjøfartsdirektoratet.Farstad meiner det har vorte tatt for lett på moglege svake punkt ved konstruksjonen av "Sleipner".- Eg er provosert av at det blir gjort så lite tekniske undersøkingar i etterkant av ei så stor ulykke. Vi veit at større og større slike båtar blir tatt i bruk. Då bør vi bruke denne ulykka til å få vite meir og forbetre måten dei blir bygde på, seier Farstad. Les også: Fortsatt uvisst om opphogging