— Sjøkabel i dette området vil vere ei B-løysing. Konsekvensen av det vil vere at vi ikkje får utnytta potensialet for å få ny småkraft ut på nettet. Vi kan ikkje løyse vanskane vi har med infrastruktur i straumforsyninga, med å leggje nettet utanfor områda der folk bur.

Statsråden møter i kveld representantar frå kommunar frå Sogn til Sunnmøre som vil bli råka av den knapt 300 kilometer lange linja til møte i Førde.

I starten av møtet slo Riis-Johansen også fast at han ikkje ønskjer tilsvarande utgreiingar som no skjer i Hardanger:

— Kunnskapen vi får ut av arbeidet som er sett i gang i Hardanger, vil vere relevant frå fleire prosjekt. Men eg ser ikkje at vi kan gjere tilsvarande prosessar for andre prosjekt.

I alt 15 kommunar får 420 kV linja innanfor sine grenser. Alle er representerte på kveldens møte.