«Politimesteren har bedt meg og administrasjonssjefen om å ordne opp. Vi skal glemme hele saken». Dette var ifølgje bladet beskjeden til ein av betjentane som var på vakt på politiets operasjonssentral den famøse natta.

Frykta neddyssing

Overfor Bergens Tidende går fungerande politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden, hardt ut mot påstandane om ein dekkoperasjon.

— Leiinga ved politidistriktet melde sjølv saka til Politidirektoratet. Dette var ein korrekt framgangsmåte, seier Iden.

Ifølgje Politiforum hadde då ein av betjentane allereie meldt saka, fordi han frykta den ville bli dyssa ned. Dermed fekk Spesialenheten saka i fanget ein dag før politileiinga tok affære. Ifølgje Iden visste ikkje leiinga at saka allereie var varsla.

— Kvifor gjekk det meir enn ei veke frå episoden med Ese skjedde til leiinga ved politidistriktet rapporterte den inn til Politidirektoratet?

— Her må ein hugse på at dette var ei delikat sak, og at den var uavklara ettersom politimeisteren først nekta, seier Iden.

Ingen fleire etterforska

Iden legg også vekt på at administrasjonssjefen var på reise den påfølgjande veka, pluss at han sjølv som nestkommanderande var i streik. Administrasjonssjefen kom tilbake fredag, og orienterte Politidirektoratet dagen etter.

— Kva med påstanden om at politistasjonssjefen skal ha bede vaktene på operasjonssentralen om «å glemme hele saken»?

— Det er nytt for meg. Eg vil tru at dei som er kjelde til desse opplysningane, også har forklart seg for Spesialenheten. Dersom det var noko i dette, vil eg tru at Spesialenheten hadde fanga det opp og gått vidare med det, seier Iden.

Leiar for Spesialenheten, Jan Egil Presthus, seier dei ikkje fann grunn til å etterforske andre polititilsette enn Ese.

— Vår etterforsking gjev ikkje haldepunkt for at leiinga ved politidistriktet har prøvd å dekke over dei straffbare handlingane, seier Presthus.

Politistasjonssjefen hadde i går fri, og Bergens Tidende fekk ikkje kontakt med han.

- Rett å varsle

Slik bladet Politiforum framstiller det, vart dei to betjentane som var på patrulje den aktuelle natta seinare kalla inn til eit møte med administrasjonssjefen.

— Dette stemmer ikkje. Det var betjentane som sjølve bad om møtet, der fekk dei legge fram grunnlaget for at saka kunne gå vidare til direktoratet, seier Iden.

Iden seier at i etterpåklokskapens lys kunne sjølvsagt Politidirektoratet blitt varsla raskare, men at det tok litt tid å få avklara saka.

— Dessutan var situasjonen spesiell på grunn av juriststreiken i politiet.

— Er dei som har varsla blitt godt nok ivaretatt?

  • Saka har utan tvil vore ei stor belastning for dei, særleg da påstand stod mot påstand. Dersom dei frykta at leiinga ikkje ville melde saka, var det rett av dei å varsle Spesialenheten på eige initiativ, seier den fungerande politimeisteren.
SØKTE AVSKJED: Kjell Ese har søkt om avskjed frå embetet som politimeister i Sogn og Fjordane. ARKIVFOTO: HELGE JOHNSEN
Helge Johnsen