— Når det gjeld denne saka har eg heile tida sagt meg ugild, kommenterer ordførar Eskeland.

Trass i at bygget blir høgare enn tillate i gjeldande reguleringsplan, avviser ordføraren at ho bryt eigne valløfte. Ho undrar seg over rådmannen sin påstand om at bygget blir for høgt og viser til kommunedelplanen frå 2007 som syner at høgda til gesims kan vera 12,5 meter.

Kassa som er teikna inn som ein tilbaketrekt femte etasje tek mindre utsikt enn eit eventuelt skråtak ville gjort, hevdar ho.

— Kvifor vil de byggja flatt tak?

— Det handlar om å skapa tidstypisk arkitektur i hamna og for å ta minst mogleg av utsikta frå naboane. Me er også opptekne av å tilpassa oss nabobygga ved å laga ein kontrast, heller enn å kopiera.

— Paladio AS har site på ein eksklusiv kjøpsopsjon i mange år. Kvifor har det teke så lang tid?

— Hadde det vore opp til oss, skulle me ha fått effektuert dette raskare.

Både rullering av kommunedelplan og nye vilkår i den nye Plan og bygningslova har bremsa prosessen. No må planen gjennom nye rundar.

— Eg stolar på at politikarane etterlever dei vedtak dei for kort tid sidan gjorde i kommunedelplanen. Eg reknar med at me kjem i land, seier Eskeland.