Dette kom fram då leiinga i helseføre-taket for Sogn og Fjordane presenterte framlegget til ny strategiplan.

Med helseminister Anne–Grete Strøm–Erichsen på tilhøyrarbenken, varsla styreleiar Clara Øberg store endringar i helsetilbodet.

Føretaket har vurdert tre ulike modellar. Konklusjonen er at ei ordning med sentralsjukehus i Førde og lokale medisinske senter i Indre Sogn og Nordfjord vil vere det beste. Sjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid blir dermed avvikla i si noverande for. Endringane skal vere gjennomførte innan 2015.

Gravide kvinner frå sørsida av Sognefjorden skal føde i området til Helse Bergen. I praksis betyr det at fødande i Årdal, Lærdal, Aurland og Vik skal til Voss.

Frå Høyanger sørside og Gulen blir det Haukeland. Fødande frå nordsida av Nordfjorden skal til Volda.