— Det er tvilsamt om det blir leiting tysdag, seier politioverkonstabel Robert Veseth ved Fjordane politidistrikt.

Sterk vind og grov sjø gjorde arbeidet vanskeleg både søndag og mandag.

Mandag leitte ei redningsskøyte, eit helikopter frå Hovudredningssentralen og ei rekkje frivillige frå Vågsøy i nord og sør til Batalden. I tillegg gjekk nærare 30 frivillige manngard langs strender i Bremanger.

Mannen blei truffen av bommen på seglbåten og havna i sjøen ved 14.30-tida søndag. Ei kvinne som også var om bord fekk varsla Florø radio. Det blei straks sett i verk leiteaksjon.

Truleg slo bommen over og sende 53-åringen over ripa. Han hadde på seg overtrekksdress og hadde flytevest då han fall over bord.