Det kom fram under fengslingsmøtet i tingretten i Førde i dag. Politiet ventar framleis på svar på ein del prøver som er sendt Rettsmedisinsk Institutt, og desse vil vere klare like over nyttår.

Under fengslingsmøtet la politiadvokat Sissel Kleiven fram resultat frå nye prøver som dei meiner styrkjer siktinga mot 41-åringen. Både på leppene, i panna, på halsen, på brystet og hendene til den drepne sjukepleiestudenten er det funne såkalla blandingsprofilar, altså biologisk materiale som kan innehalde DNA både frå sikta og offeret.

— Alle funna som er analyserte frå offeret kan stamme frå den sikta, opplyste Kleiven.

Forsvarar Ivar Blikra er framleis sterkt kritisk til at politiet ikkje har undersøkt alt det biologiske materiale frå åstaden. I underkant av ein fjerdedel av dei biologiske funna er analyserte.

— Politiet har funn som knyter min klient til offeret, men ikkje til åstaden. Det ligg ikkje føre bevis for at den sikta har tatt livet av Anne Slåtten, meiner advokaten.