— Vi trudde ikkje våre eigne auge, seier Hans Skeide om det avgjerande livbåtstupet på «Veslefrikk» sommaren 2005. Vernetenesta på plattforma hadde fått trumfa gjennom eit teststup som resulterte i store inntrykkingsskader på den nye fritt fall-livbåten. Heldigvis var det sandsekker og ikkje folk om bord.

Askøyværingen Hans Skeide (57) har 30 års fartstid på plattformer i Nordsjøen. Han er eitt av tre hovudverneombod og forbundet SAFE sin hovudtillitsvalde på Veslefrikk-feltet, og deltakar i livbåtprosjektet i regi av Oljeindustriens Landsforbund (OLF).

«Veslefrikk»-stupet

«Veslefrikk»-stupet i 2005 var starten på eit livbåtforbetringsprogram som til no har kosta norsk oljenæring - i hovudsak StatoilHydro - nær 400 millionar kroner.

  • I vernetenesta leita vi oss fram til forskrifter nasjonalt og internasjonalt som tilsa testing av livbåtane også ute på installasjon. Det var ikkje vanleg praksis, seier Skeide.
  • I juni 2005 lukkast vi med å få gjennomført ein installasjonstest med eit stup frå 32 meter. Straks såg vi at båten tok inn masse vatn. Luka framme var sprengt, det samme var dørene akter. Heile overbygget var trykt inntil 40 centimeter ned.
  • Det blei masse styr den sommaren, med produksjonsstans, retur til dei gamle lårelivbåtane, og forsterking av overbygget på fritt fall-båtane. Deretter gjennomgang av alle Statoil-livbåtar og seinare det felles livbåtprosjektet, seier Skeide.

Ny standard

    1. april kom ein ny og strengare Veritas-standard, og til sommaren kjem Schat-Harding med den oppgraderte, siste generasjon båt som følgje av livbåtprogrammet Er ikkje dermed målet nådd?
    • Eg går ut frå at den nye båten har med seg ein god del erfaringar frå prosjektet. Men han møter neppe den nye standarden fullt ut. Vi har fått så mange sjokk undervegs i livbåtprosessen at vi ikkje tar noko for gitt på førehand.
    • Er du einig med OLF i at livbåtprosjektet skal avsluttast til sommaren?
    • Nei. Det er for tidleg. Det er fleire sider ved livbåtane som bør utgreiast vidare, blant anna forhold rundt framdrift og manøvrering. Alle båttypane er ikkje ferdig undersøkte. Ein hadde ikkje slege seg til ro med tilsvarande forhold rundt produksjonsanlegg som skal tena pengar. Livbåtar er jo berre utgifter, seier Skeide.

    - Tynnsliten tillit

    • Basert på spørjeundersøkingar seier OLF at personell offshore føler seg tryggare enn før på jobb trass livbåthendingane?
    • Det er ikkje tvil om at tilliten til livbåt er tynnsliten. Dei fleste veit at det er liten risiko at livbåtar skal brukast. Dermed fortrengjer ein tanken på at dei faktisk kan koma til nytte i ein krisesituasjon, seier Hans Skeide.

    LIVBÅT-REFORMATOR: Verneombod Hans Skeide kjempar stadig med oljeselskapa for livbåtforbetringar offshore, fire år etter at han var med på å avdekkja alvorlge manglar.

    Martin Eilertsen