Etter ei tid fann politiet også eit av ti stolne kamera i heimen hans. Dei ni andre er sporlaust borte.

22-åringen er i Voss tingrett dømt til 45 dagar fengsel på vilkår med to års prøvetid for innbrot, utført åleine eller saman med andre. Han må erstatta forretninga sin eigendel på innbrotsforsikringa med 10.000 kroner.

Mannen hevdar at glasruta var knust frå før, og at han berre stakk handa inn og forsynte seg med videokameraet som er kome til rette. Retten legg til grunn at glasruta var mellombels reparert etter eit tidlegare innbrot, men trur at glaset som var limt utanpå, vart knust ved dette innbrotet.

Blodspor leia politiet til ein bakgard via to ulike ruter, og DNA-analysar viser at blodet kjem frå to ulike personar. Det seier ingenting om dei to personane blødde samstundes, eller på ulike tidspunkt. Men retten finn det usannsynleg at to personar kan ha gått til same treet bakgarden heilt uavhengig av kvarandre.