Det er ein del av traséen for den omstridde 420 kV linja frå Sima til Samnanger som Statnett søkjer fritak for å merke. Dei meiner luftspennet vil liggje så langt nede i dalen at det ikkje kan utgjere noko fare for flytryggleiken.

— Luftspennet er merkepliktig, og skal merkast, skriv tilsynet i sitt kontante svar til Statnett.

Tilsynet kan ikkje sjå at det er framført vesentlege grunnar til at det skal bli gitt dispensasjon:

  • Traséen vil gje ei linjeføring som ligg nærare dalbotnen, men dersom eit luftfartøy, eksempelvis eit helikopter, på grunn av vêrtilhøva må flyge lågare enn normal minstehøgd, vil dalføret frå Fitjadalsvatnet til Øystese vere ein naturleg trasé. Eit kamuflert luftspenn tvers over dalen kan utgjere ein stor risiko, fordi pilotens sjanse til å oppdage spennet er redusert.

Det er enno ikkje bestemt om Statnett får løyve til å byggje Hardangerlinja. Klagesaka ligg i Olje- og energidepartementet, og det er venta at avgjerda kjem i vår.