Hotellet har klaga domen frå heradsretten der det blei slått fast at kommunen ikkje hadde gjort gyldig vedtak når hotellet ikkje fekk skjenkeløyve, melder Kystradioen.

I domen blei det likevel konkludert med at Øygarden kommune ikkje har erstatningsansvar overfor Sjøkanten Fjordhotel.

Sakshandsamar i Øygarden kommune Jarle Kåre Oen opplyser til Kystradioen at saka truleg kjem opp i lagmannsretten neste år.