ARNE HOFSETH

— Siktemålet er å minna nye gererasjonar om at krig og vald ikkje er noko å trå etter, seier leiaren, Åge Henning Stavenes, til Bergen Tidende.

Og det er tydeleg at dei lykkast. Det er slett ikkje nokon munter gjeng som kjem ut frå filmlokalet, korkje skuleklassane eller dei andre interesserte som har vore innom. - Grufullt, seier dei om liklempinga i konsentrasjonsleiren.

Veteranane frå Tysklandsbrigadane gjorde militærteneste i Vest-Tyskland etter krigen, med øydeleggingane framleis godt synlege, og i ein atmosfære av kald krig som tidvis kunne bli ganske heit.

Ei utstilling av bilete frå Vangen og frå Ulvik sentrum rett etter bombinga i 1940. Begge tettstadane vart praktisk talt jamna med jorda. Voss vart terrorbomba fordi tyske styrkar fekk tøff motstand i Vaksdal og i Skjervet. Ulvik vart utsett for ein hemnaksjon fordi 105 tyske soldatar fall då nordmennene prøvde å hindra landgang.

UTSTILLING: Veteranar frå Tysklandsbrigadane har laga utstilling for å minna nye generasjonar om krigens gru.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH