Med dette har helsevesenets siste formelle klageinstans sagt sitt, og Statens helsetilsyn har såleis definitivt fratatt den omstridde Florø-psykologen lisensen.

Einaste måten Amundsen kan forfølgje saka vidare herfrå, er gjennom eit ordinært søksmål mot Helsetilsynet.

Samrøystes avslag

Men om Amundsen vil gå til eit slikt skritt, er heilt uvisst, og han ville i går ikkje svare på spørsmål rundt saka. Det var kona hans, Grethe Amundsen, som svara på telefonen måndag. Ho gjorde det klart at mannen ikkje ville snakke om saka denne dagen.

— Men det kan vel også vere i hans eiga interesse at han kjem til orde?

— Det toget trur eg nok er gått for lenge sidan. Du må vente til i morgon, er svaret frå Grethe Amundsen.

Det er ei samrøystes avgjerd som no kjem frå dei sju medlemmene i Statens helsepersonellnemnd, og konklusjonen om Rune Amundsen er klar: «(...) er uegnet til å utføre sitt yrke som psykolog forsvarlig på grunn av grov mangel på faglig innsikt, uforsvarlig virksomhet og på grunn av atferd uforenlig med yrkesutøvelsen (...)», heiter det i nemndas oppsummering av den 17 sider lange vurderinga av saka.

Det var 12. april i fjor at Statens helsetilsyn bestemte å inndra Amundsens psykolog-lisens, etter at fleire konkrete pasientar klaga på den forma for regresjonsterapi og dybdepsykologi Amundsen dreiv. Etter påtrykk frå mellom andre Amundsen sjølv knytte nemnda til seg to nye sakkunnige, men altså utan at dette har påverka resultatet i hans favør.

Støttar helsetilsynet

Under ankebehandlinga har helsepersonellnemnda på nytt gjennomgått dei konkrete klagesakene, blant andre der pasientar skal ha fått vite om tidlegare liv som mellom anna heks og nazist, der ei skal ha opplevd at Amundsen inviterte til sex og der Amundsen skal ha blanda behandling og privatliv på utilbørleg måte.

Kort fortalt dreier ankepunkta mot Amundsen seg om behandlingsmetodar som fell langt utanfor det som blir rekna som fagleg forsvarleg, og helsetilsynet meiner at pasienten faktisk kan ha blitt sjukare av behandlinga. Dei meiner også at journalføringa er dokumentert som mangelfull. Vidare meiner tilsynet at Amundsen har blanda rollene på ein uheldig og fagleg uforsvarleg måte, og at Amundsen ikkje vil kunne lære av kritikken mot han.

Nemnda støttar gjennomgåande fullt opp under Statens Helsetilsyn sine vurderingar.

«Direkte i strid»

Rune Amundsen møtte sjølv og forklarte seg for Statens helsepersonellnemnd den 16. desember i fjor, og fastheldt då at vilkåra for tilbakekall av psykolog-autorisasjonen ikkje var oppfylt. Han stilte spørsmål ved dei sakkunniges habilitet og deira faglege kompetanse innan hans eigne spesialfelt – regresjonsterapi og dybdepsykologi.

Han meiner helsetilsynets vedtak er heilt urimeleg, at historia om dei aktuelle pasientsakene ikkje stemmer og at han ikkje har gjeve den type behandling som pasientane fortel om.

Til dette skriv Statens helsepersonellnemnd mellom anna at Amundsens «(...) generelle avvisning av kritikken mot ham (...) kan tyde på at han overser den risiko som hans metoder medfører for pasienten. (...) er direkte i strid med alle velkjente oppfatninger blant fagkyndige av hva som er faglig forsvarlig.» Sitata er tatt frå nemndas vurderingar i ei av dei konkrete klagesakene.

Nemnda konkluderer med at Amundsens handlemåte i tre av dei konkrete pasientsakene må sjåast som direkte feilbehandling, og at den var eigna til å gjere pasienten sjukare.

«UEIGNA»: «Rune Amundsen er uegnet til å utføre sitt yrke som psykolog forsvarlig på grunn av grov mangel på faglig innsikt, uforsvarlig virksomhet og på grunn av atferd uforenlig med yrkesutøvelsen», heter det i avgjerda hjå Statens helsepersonellnemnd. ARKIVFOTO: JAN M. LILLEBØ