Temperaturen i havet har svært mykje å seie for temperaturen på landjorda, ikkje minst i dei kystnære områda. Med ein havtemperatur som ligg 3-3,5 grader over normalen, tyder alt på at vintermånadene vi no er inne i, blir mellom dei mildaste i manns minne.

— Det er litt farleg å vere for bastant. Temperaturane er veldig sterkt knytt til posisjonen på lågtrykka. Skulle vi få ein periode med nordleg vindretning vil havet bli kjølt ned, og då kan det snu, seier havforskar Einar Svendsen.

— Men om vi får ein normal vestlandsvinter, med vindar frå sør og vest?

— Då vil vi få ein svært mild vinter. Vi har ein situasjon der det ligg lagra veldig mykje varme i havet vest om oss. Nordsjøen fungerer nærast som ein omn og vil varme opp landet innanfor, i alle fall områda nærast kysten.

Havforskingsinstituttet støtter seg også på satellittmålingar gjort i Nordsjøen frå oktober månad. Då var overflatevatnet i havområdet to grader heitare enn normalt. Dette vatnet skal passere norskekysten dei kommande månadene, noko som inneber at vi har mykje heitt sjøvatn i vente. Dersom det milde vêret held fram, kan vi vente unormalt høge temperaturar langs heile kysten i Sør-Noreg denne vinteren.