Til og med i går hadde det komme 420 millimeter nedbør i Bergen. «Bestenoteringa» for januar på 478 millimeter tilbake til 1989, blir dermed truleg ståande.

— Ja, slik det ser ut no blir det lite nedbør i dagane framover. Vi får inn eit høgtrykk. Eg trur det blir vanskeleg å nå rekorden, seier meteorolog Magnus Anglevik.

Han tvilar også på om tre-månadersrekorden frå 1986 blir slått. Då fekk bergensarane 1371 millimeter frå «ovan» i september, oktober og november. Hittil i november, desember og januar har det falle 1343 millimeter.

— Vi er nærare til å slå rekorden for tre månader, men eg trur også det skal litt til no.

Heller ikkje andre plassar blir det rekordar. Modalen passerte i går 710 mm, der er rekorden 1030 frå søkkvåte januar 1989. Takle i Gulen, tradisjonelt ein av dei mest nedbørrike plassane i landet, hadde til i går «ikkje hatt meir» enn 646 mm.

— Men sjølv om vi ikkje når rekordane, snakkar vi likevel om ein av dei våtaste januarmånadene på Vestlandet sidan målingane tok til. Dei fleste plassar har det komme omtrent dobbelt så mykje nedbør som normalt, seier Anglevik.