Dermed held kampen om løyvet fram i trivselfylket.

Sogn tingrett har tidlegare konkludert med at fylkeskommunen braut lova då dei gav Fjord1 løyve til å drive hurtigbåtane. No risikerer dei milliontap.

– Vi ankar ikkje avgjerda frå Sogn tingrett. Men vi treng noko meir tid på å vurdere kva alternativ vi skal gå vidare med. Vi har også behov for å få gjort nokre juridiske avklaringar, har fylkesordførar Nils R. Sandal sagt til bt.no.

Ingen kommentar

Etter ein lang prosess med kontraktsforhandlingar, avgjorde Sogn og Fjordane fylkeskommune rett før jul å gje Fjord1 oppdraget med å drive hurtigbåtsambanda mot Bergen dei kommande åra. Hardaste konkurrenten, Tide Sjø, klaga, og gjekk til slutt til søksmål.

I rettssalen vann dei fram. Sogn tingrett konkluderte med at fylkeskommunen har gjort seg skuld i store og alvorlege brot på konkurransereglane, og at tildelinga til Fjord1 sannsynlegvis er ulovleg.

Fylkeskommunen står no i fare for å tape millionar på anbodsutlysinga dei skulle spare store summar på. Avtalen dei ville inngå med Fjord1, skulle redusere tilskotet til hurtigbåtdrifta med 10 millionar kroner på årsbasis. Dei innsparte midlane er alt lagt inn til andre tiltak i budsjettet.

Erstatningskrav

Fylkeskommunen kan rekne med erstatningskrav same kva løysing dei kjem opp med. Alt før jul varsla styreleiar i Fjord1, Jarle Skartun, i eit intervju med Bergens Tidende søksmål dersom fylkeskommunen snudde seg mot Tide. I så fall rimeleg pikant, sidan Sogn og Fjordane fylkeskommune er hovudeigar i Fjord1.

– Dette har blitt ei vanskeleg sak, og det er ei sak eg likar lite. Mitt hovudmål er å kome ut med ei så god løysing som råd for brukarane, har Sandal sagt.

Kampen om den store hurtigbåtkontrakten viser også kor hardt striden står mellom Tide og Fjord1 om å vere det dominerande transportselskapet på Vestlandet.

Tide har tidlegare sikra seg anbodet på hurtigbåtsambanda på Sunnmøre. Dreg dei også i hamn kontrakten på Sogn og Fjordane-Bergen, vil selskapet ha hurtigbåtmonopol frå Rogaland til Romsdalen.

Kva synest du om hurtigbåt-rotet? Sei di meining under!