— Eg er glad i dei. Geiter er mellom dei finaste dyra eg veit om. Og så er dei så sosiale, seier Merete.

For tredje sommaren på rad er 15-åringen avløysar på geitebruket Aasen høgt oppe i lia på austsida av dalføret. Kvar kveld mjølkar ho og mora Mary dei 64 geitene på garden.

Merete har cerebral parese i begge beina og armane og er avhengig av rullestolen. Men med ein del finurlege patent utvikla av far Asbjørn, greier ho arbeidet med mjølking i fjøsen.

Sjefsgeitene først

Geitene står klare. Det har blitt ettermiddag. Dei veit at det er tida for «geitesnop» og mjølking. Alle geitene blir samla i ein stekkje. Mor Mary Aasen tek godsakene oppi æta ved mjølkestallen. Deretter legg ho ned eit brett, og på rekkje og rad spring åtte geiter opp på mjølkestallen. Der stiller dei seg med hovudet i matrenna og rumpa ut i lufta. Ho løfter opp att brettet, og stengjer med det vegen til «mjølkebaren».

— Det er strengt hierarki i geiteflokkar. Desse åtte er sjefane. Dei kjem alltid først. Klarar ei geit lenger nede i systemet å snike seg inn mellom desse, blir det knuffing, seier ho.

Merete køyrer rullestolen inn bak og under geitene. Først vaskar ho spenane. Kvar geit skal vaskast med rein klut, det betyr at det går med 64 klutar for kvar mjølking. Deretter festar ho den elektriske mjølkaren på spenane. På den andre sida av mjølkestallen har mor gjort det same. Slik arbeider dei seg inn mot midten. Når alle geitene er mjølka daskar Merete dei på skinka med ei flugesmekke. Lydige går dei gjennom ein smal gang som endar i ein tom binge. Mor Mary har meir knask på fôrbrettet, og legg ned att «gangvegen» til mjølkestallen. Åtte nye geiter kappast om å komme opp.

— Dette hadde du aldri fått sauer til å gjere. Geitene treng berre to-tre gonger. Så hugsar dei det, seier Mary Aasen.

Trening gjer sterk

Heile kveldsstellet tek i underkant av to timar.

— For meg er dette veldig god trening. Eg får bruke armane og hendene mykje når eg er med på mjølkinga, seier Merete.

Og ho er ivrig på å trene. I fleire år har ho fått behandling ved Petø-senteret på Hamar. Senteret driv med ein ungarsk behandlingsmetode for barn med cerebral parese. Kvart år har ho vore tre gonger tre veker på Hamar, men dei siste åra er hamaropphalda reduserte til to gonger året. På fritida likar ho å drive med riding, og ho er ofte i symjebassenget i samfunnshuset i Jostedalen.

— Treninga har gjort meg sterkare, seier Merete.

— Kunne du tenkt deg å bli geitebonde på Aasen?

— Nei, eg har ikkje odel, ler ho og forklarar at ho er yngst av fire sysken.

— Men om du hadde hatt odelen?

— Ja, kanskje. Men det får vel bli noko med språk for meg, meiner Merete som skal til siste året på ungdomsskulen i kommunesenteret Gaupne. Deretter vil ho på vidaregåande i Sogndal.

— Tysk og spansk er dei to språka eg likar best, fortel ho.

Lønsforhandlingar

Før var det geiter mest på kvar einaste gard i Jostedalen. Det var geitemjølka som gav inntekter på gardane. No har dei fleste bøndene skifta ut geitene med sauer, nokre driv framleis med kyr.

Men på det økologiske gardsbruket på Aasen held dei seg til geiter. Og snart skal det bli fleire. I ein stekkje for seg sjølv mekrar eit høggravid eksemplar av arten.

— Det er Stripa. Ho er den eldste i flokken, og ho er mi, seier Merete stolt. 15-åringen hentar litt lauv, opnar grinda og køyrer rullestolen inn. Lauv er normalt det beste Stripa veit, og slikt må ein unne ei geit som går dags ventande. Men i dag er ikkje Stripa synderleg interessert i lauvet. Ho vil heller ut. Kanskje saknar ho samveret med dei andre geitene? Mor Mary må trå til for å få ho på plass att.

Far Asbjørn har tilrettelagt fjøsen for dottera. Det siste han har gjort er å lage ein heilt ny mjølkestall. Då skal mjølka gå direkte på tank. Han har utvikla fleire patent som skal gjere det lettare for dottera å ta del i fjøsstellet. Men geitene har ikkje lært seg systemet enno. Så då Mary Aasen vil vise nyvinninga, set den utvalde geita seg kraftig til motverje.

— Vi får ta det på gamlemåten, konkluderer dottera.

— Korleis er lønsvilkåra i denne sommarjobben?

— Eg har harde lønsforhandlingar med pappa. Eg vil ha meir og han vil gje meg mindre, ler Merete. - Nei då. Eg får 100 kroner for kvart stell. Det blir no litt pengar av det.

Øystein Torheim
Øystein Torheim
Øystein Torheim