• Avinor legg opp til ein splitt og hersk-taktikk som dette møtet i utgangspunktet ikkje skulle handle om, seier Ørsta-ordførarar Rune Hovde (H) til Firda.

Avinor er i ferd med å sjå på flyplasstrukturen for kortbanenettet, og representantar for kortbaneflyplassane i Sogn og Fjordane samt Hovden i Møre og Romsdal var innkalla til det dei trudde var eit informasjonsmøte i Florø måndag.

— Anten Førde eller Sogndal kan bli lagt med i tillegg til Sandane, men Førde er mest utsett, seier prosjektleiar Lars Draagen i Avinor til Firda. Han leia møtet med flyplasskommunane.

Tre mogelegheiter

På møtet presenterte Avinor tre moglege modellar for flyplassane. Ein modell er å halde på dagens struktur, modell to er ei nedlegging av Sandane lufthamn, og modell tre er nedlegging av Sandane pluss eventuelt Sogndal eller Førde.

At Avinor ville ha ein uttale frå fylket og kommunane i løpet av mindre enn ein månad, skal ifølge Firda ha provosert møtelyden kraftig.

Draagen understrekar til BT at dei nettopp har starta prosessen med å analysere flyplasstrukturen i Sogn og Fjordane.

— Det er nå analysen vår starter. Det må gjøres prioriteringer, det vi har gjort så langt er å klargjøre hvilke alternativer som finnes, sier han.

Naturleg med kjensler

Bakgrunnen for arbeidet er eit oppdrag frå Samferdselsdepartementet om å leggje til rette for meir kommersiell luftfart.

Draagen seier til BT at han meiner det er heilt naturleg at tanken på å leggje ned flyplassar vekkjer sterke kjensler i Sogn og Fjordane.

— Me skjønar det. For oss er det viktig å få belyst alle sider ved saka og leggje fram ein godt gjennomarbeidd rapport. Difor må me også ha dialog med dei lokale, og få tilbakemeldingar som kan takast med i vurderinga, seier han.