Det er klart etter at generalforsamlinga i dørkonsernet Dooria torsdag avgjorde å gje endeleg klarsignal for etableringa.

Dørfabrikken er dei første nye arbeidsplassane som kjem til Årdal, etter at arbeidet tok til med å skaffe industristaden fleire bein å stå på. Hydro trappar ned ved aluminiumverket, og sognekommunen står i fare for å misse hundrevis av arbeidsplassar.

På Stortinget er det stilt spørsmål om dei store låna og tilskota som blir gitt frå Innovasjon Norge i samband med etableringa.

Andre norske dørprodusentar har dessutan protestert fordi dei meiner det offentlege verkemiddelapparatet blir brukt til å skiple konkurranseforholdet. Saka kan ende som høyring i Stortinget.