Akkurat no sit leiaren i gjeldsnemnda for Fundo, advokat Knut Ro, i møte med dei arabiske eigarane og bankane. Meir enn 350 arbeidsplassar ved felgfabrikken og ei rekkje arbeidsplassar hos underleverandørar står på spel.

Dersom det ikkje lukkast å finne ei løysing, stoppar produksjonen natt til tysdag. Hydro Aluminium som har kring 60 millionar kroner uteståande, har nemleg stoppa alle leveransar av råmetall til felgfabrikken. Og utan flytande aluminium blir det ikkje laga bilfelgar.

Gjeldsnemnda har fått hastverk etter at Gjensidige NOR Sparebanken, Sparebanken Sogn og Fjordane og SND før helga trekte tilbake garantien dei gav for vidare drift.

— Vi har ikkje fått noko forklaring på kvifor. Bankane seier dei trekte tilbake garantien etter ei heilskapleg vurdering. Eg hadde venta ei meir konkret forklaring når framtida til eit heilt lokalsamfunn står på spel, kommenterer ordførar Kjartan Longva.

-Det er uvisst når møtet mellom gjeldsnemnda, eigarane og bankane vil vere avslutta.