Statsråd Sylvia Brustad har gitt Floraordførar Bente Frøyen Steindal beskjed om at den svært omstridde saka blir avgjort rett etter nyttår. Dette skjedde i ein telefonsamtale mellom dei to Ap-politikarane sist fredag. Departementet sende tidleg i desember ut ein e-post der meldinga var at avgjerda ville kome til jul.

— Eg fekk ikkje noko signal om kva vedtak som blir fatta, men statsråden sa klart frå om at ho vil gå nøye gjennom saka. Det oppfattar vi som positivt, seier Frøyen Steindal.

Spare millionar

Styret i Helse Førde har vedteke å leggje ned sengeposten som tidlegare helseminister Dagfinn Høybråten oppretta sommaren 2003. Nærsjukehuset blei oppretta som eit nasjonalt pilotprosjekt fram til utgangen av 2007.

Årsaka til at helseføretaket vil leggje ned sengeposten, er vanskeleg økonomi. Helse Førde må forbetre budsjettet med kring 100 millionar kroner neste år. Kutt i Florø vil redusere kostnadene med kring sju millionar, og er eitt av fleire tiltak.

Helse Vest har stilt seg bak vedtaket. I ei utgreiing til statsråden legg Helse Vest vekt på at det ikkje er snakk om å leggje ned sjukehuset. Tvert om er dette å leggje til rette for meir moderne sjukehusdrift med vekt på dagbehandling.

Ei lita bombe

Det synet deler derimot ikkje stortingsrepresentantane frå fylket. Alle dei fem folkevalde på Løvebakken har skrive under eit brev der dei ber helseministeren ta stilling til saka. Stortingsbenken meiner eit tiltak som blei oppretta av ein statsråd, berre kan avviklast av ein statsråd. I realiteten er utspelet ikkje noko anna enn ei bøn om å gjere om nedleggingsvedtaket.

Utspelet frå stortingsrepresentantane i den betente saka har skapt sterke reaksjonar i styret for Helse Førde. Dei var totalt ubudde på engasjementet frå dei folkevalde, og styreleiar Clara Øberg utfordra tingrepresentantane til å kome med framlegg til kvar Helse Førde skal kutte. Ho kom også med eit spark til partikollega Reidar Sandal. Ap-representanten frå Flora, som er leiar i den tunge finanskomiteen, har engasjert seg sterkt for at sjukehussengene i heimkommunen skal bergast.

— Han kunne kanskje kome med eit framlegg om å løyve oss nokre ekstra kroner, sa Øberg i eit intervju med Bergens Tidende.

Paradoks

Bente Frøyen Steindal seier dei har sendt si eiga utgreiing om nærsjukehussaka til Helsedepartementet.

— Vi har lagt vekt på at nærsjukehuset frå Flora kommune si side har fungert godt, seier ordføraren.

Kommunen fokuserer også på rapporten forskingsinstitusjonen SINTEF har laga om nærsjukehuset.

— Vi meiner Sintefs evaluering viser at Helse Førde frå første dag motarbeidde nærsjukehuset. Pilotprosjektet har eigentleg aldri blitt prøvd ut, seier Frøyen Steindal.

— Korleis trur du denne saka endar?

— Vi håpar sjølvsagt at drifta av sengeposten blir ført vidare. Mi meining er opplegget som blei lagt for nærsjukehuset er eit veldig godt konsept. Etter våre opplysningar blir det no etablert fem-seks liknande institusjonar andre stader i landet. Då er det eit paradoks at nærsjukehuset vårt blir lagt ned.

DILEMMA: Helseminister Sylvia Brustad må velje mellom to vonde i saka om nærsjukehuset i Florø. ARKIVFOTO: JARL FR. ERICHSEN, SCANPIX