ØRJAN HATTEBERG

Brekne fekk erfara at det er dyrt å ta imot pakkesendingar frå utlandet. Han må ut med 725 kroner for å motta ein pakke som truleg er av liten reell verdi.

Det var i samband med dødsfallet til mora at faren sendte han eit middagsservise av porselen.

I god tru sendte faren serviset med det amerikanske transportfirmaet FedEx. Han betalte for frakta og oppgav verdien av sendinga til 150 dollar, om lag 1200 kroner. Det førte til at sonen må betala høge avgifter for å ta mot serviset. Utan tilstrekkeleg dokumentasjon vil nemleg ikkje serviset bli godkjent som arvegods. D

å vil det bli rekna som gåve, og mottakar må betala moms både på pakkens verdi og fraktkostnader.

Vilkårleg verdi

— Dei 150 dollar som er oppført som verdi på porselenet er heilt vilkårleg. Serviset kan vera verdt fem kroner eller femhundre. Sannsynlegvis har det berre affeksjonsverdi, fortel ein irritert Brekne til BT.

Han ante ingenting om kostnadene då han fekk pakken levert på døra av FedEx. Først då han seinare fekk tilsendt ein faktura pålydande 725 kroner fekk han vita prisen på å ta imot pakken. Av dette var 570 kroner moms. Dette fekk ikkje Brekne til å stemma, sidan den summen er mykje meir enn 24 prosent av dei knapt 1.200 kronene som pakken var verdt.

Brekne tok difor straks kontakt med FedEx. Dei forklarte at det var rekna ut meirverdiavgift også av fraktkostnadane. Då Brekne klaga på dette, vart han vist vidare til tollvesenet.

Ulike svar frå tollvesenet

Brekne kontakta Bergen tollvesen og forklarte saka. Dama hos tollvesenet fortalde at ei slik sak var skjønnsmessig, men meinte det var feil å krevja moms på frakt i dette tilfellet. Dessverre noterte ikkje Brekne seg namnet til tollbetjenten.

Den uheldige mannen tok så igjen kontakt med FedEx, og forklarte kva tollvesenet sa. FedEx viste til tollvesenet på Gardermoen, som opplyste at reglane er strikte og greie. Alle pakkar med ein verdi over 500 kroner blir tillagt meirverdiavgift. Grunnlaget er pakkens verdi inklusiv kostnad for frakt. N år han på ny tok kontakt med Bergen tollvesen fekk han denne gongen beskjed om at dei ikkje kunne gjera noko. Dei bad han skriva ein søknad om fritak av moms på pakken.

Brekne vil no køyra klagesak, men har eigentleg gitt opp og reknar ikkje med å få medhald.

— Eg har ingen problem med beløpet, men prinsippet blir heilt feil for meg. Det at staten skal ta halvparten av verdien på eit stykke arvegods blir heilt feil. For staten betyr det ingenting, men for den enkelte svært mykje. Folk kan jo bli hindra frå å motta gåver og arv på grunn av dette, seier ein oppgitt Brekne.