Heller ikkje trafikantane på Norges verste veg ser ut til å sleppa unna brukarbetaling for å oppnå normal vegstandard.

Sogn og Fjordane fylkesting vedtok i dag at bompengefinansiering skal vurderast når den elendige vegstubben langs sørsida av Nordfjord skal rustast opp.

Rett før valet i haust var politikarane opptekne av at denne vegen må det gjerast noko med. Regjeringa hadde ti millionar kroner til vegen i krisepakka, og fylkeskommunen sa seg villig til å yta sitt. Men då måtte Staten auka sin slant så mykje at ei fullfinasiering er realistisk.

No ser det ut til at det må setjast opp bom også på denne strekninga for å få arbeidet i gang.

Fortener denne vegen ryktet som landets verste? Sei di meining i feltet under!