KJERSTI MJØR

— Det var mørkt, og huset ligg i eit bustadfelt. Då seier alvoret i saka seg sjølv, seier politiførstebetjent Bjørn Inge Aarsand til Bergens Tidende.

Det var rundt midnatt fredag at Lensmannskontoret i Ulvik fekk melding om skyting og husbråk i bustadfeltet Røynstrand i Granvin sentrum. Politiet rykte ut for å overvake situasjonen, og laurdag morgon aksjonerte to politifolk mot huset, der to menn mellom 20 og 40 år oppheldt seg. Våpna tilhøyrer lovleg den eine av dei involverte i saka.

— Aksjonen var heilt udramatisk. Det er brakt på det reine at det er blitt avfyrt skot i eller ved huset, men det er ikkje grunn til å tru at skytinga har vore til fare for utanforståande, seier Aarsand.

— Betyr det at dei skaut på blink?

— Det vil etterforskinga vise.

— Var det alkohol med i spelet?

— På tidspunktet for aksjonen var dei to edru, men det er grunn til å tru at dette ikkje var tilfelle då skytinga gjekk føre seg, seier Aarsand.

Saka blir no etterforska som brot på straffelova for uforsiktig omgang med våpen, og som brot på våpenlova om oppbevaring av skytevåpen. Dei to må møte til avhøyr på lensmannskontoret i Ulvik i dag.

— Etterforskinga vil vise om det er grunnlag for inndraging av våpna, og om det blir aktuelt med eventuelle straffereaksjonar, seier Aarsand.