Sterkt forseinka sendte han i går eit nytt svarbrev til Sivilombodsmannen i klagesaka som Ulvik herad, Granvin herad og Norges Naturvernforbund har reist mot departementet.

Utan unntak

I brevet opplyser departementet at det ikkje finst eit einaste døme på at departementet har gjort vedtak som førsteinstans etter innstilling frå NVE i ei sak etter energilova.

Departementet uttalar at det har vore ein «fast, konsekvent og langvarig praksis» heilt sidan 1924 at slike reguleringssaker er avgjort av NVE i første instans.

Departementet uttalar at dette har «direkte rettslig betydning ved en isolert fortolkning av hvor langt NVEs avgjørelsesmyndighet rekker».

«Departementet er ikke kjent med noen sak hvor NVE har avgitt innstilling og som deretter har vært avgjort av departementet som førsteinstans.»

Av «arbeidsmessige årsaker» har departementet likevel ikkje sett seg i stand til å gjennomgå alle saker som har vore til behandling gjennom dei siste 86 åra, framgår det av svaret.

Ingen «prinsippsaker»?

Ombodsmannen hadde bede departementet nemne døme på saker som har vore avgjort av departementet i første instans. Han viste til ein kongeleg resolusjon frå 27. juni 1924. Den fastslo at «de konsesjonsspørsmål som foranlediger interessekonflikter mellom forskjellige distrikter (og) forsyningsområder bør fremmes til departementet».

Han viste også til delegasjonsvedtaket frå 23. august 2006 om delegering av mynde til NVE etter energilova. Her heiter det at «det er en forutsetning for delegeringen at saker av prinsipiell karakter eller med betydelig motstridende samfunnsinteresser avgjøres av Olje— og energidepartementet».

Departementet har berre funne eitt døme på ei sak om endring av vilkår i ein anleggskonsesjon som har vore avgjort av Kongen i statsråd. Det er ei sak frå 26. mars i år som gjeld driftsløyve for Tjeldbergodden og Nyhamna reservekraftverk. Her vart det nytta kongeleg resolusjon for å kutte saksbehandlingstida til eit minimum. «Politisk»

Departementet hevdar vidare at det er eit «politisk hensiktsmesssighetsspørsmål» korleis myndefordelinga og saksbehandlinga mellom ulike instansar blir lagt opp.

På denne måten avviser departementet den problematiseringa som ombodsmannen har gjort. Han ville ha svar på om det ikkje kunne vere føremålstenleg at vedtak blir fatta på eit høgare ansvarleg forvaltningsnivå i kontroversielle saker.

Departementet står vidare fast på at med omsyn til konfliktnivå i saka, må ein ta utgangspunkt i korleis saka fortona seg då konsesjonsvedtaket vart gjort. Og då (i 2008) var det ifølgje departementet «ingen slike spesielle forhold» som skulle tilseie at NVE ikkje kunne gjere vedtak i førsteinstans.

Sei di meining i kommentarfeltet under!