Alexela Sløvåg har omsider funne eit selskap som vil ta mot den forureina massen etter eksplosjonen og brannen i Vest Tank-anlegget i Sløvåg i Gulen fjor vår.

Alexela Sløvåg kjøpte Vest Tank etter eksplosjonen.

Selskapet greidde ikkje å halde den opphavlege fristen for å bli kvitt avfallet, som var 1. mai. Statens Forurensingstilsyn (SFT) gav Alexela Sløvåg ei veke på å finne ein mottakar. Det gjekk ikkje, men no har selskapet funne ei mogleg løysing. Løysinga er det tyske avfallshandteringselskapet Bilfinger. Det kjem fram i eit brev frå Alexela Sløvåg til SFT. I Tyskland skal avfallet brennast opp. Bilfinger skal ta mot både forureina masse og botnslammet som var i tankane. Den nye fristen for å bli kvitt avfallet er 1. juli.

Ifølgje seksjonssjef Harald Sørby er eksport til Tyskland ei løysing som SFT kan godta. Han seier SFT vil gjere sitt til å få ei rask handsaming av søknaden om eksportløyve. Også tyske styresmaktene skal godkjenne at avfallet vert sendt til Tyskland.