— Det skulle aldri ha vore farleg avfall her. No håpar vi at dei grev opp og kjører vekk heile fyllinga, seier Marith Nigardsøy, som eig området der Nybø gjenbruksstasjon i Bremanger ligg.

Under ein inspeksjon i slutten av april fann fylkesmannens folk så mange graverande forhold at dei melde verksemda som driv plassen, Nordfjord Miljøverk (NoMil), til politiet for brot på forureiningslova.

I ettertid har fylkesmannen også engasjert selskapet Multiconsult til å ta prøver av jord og vatn ved gjenbruksstasjonen.

Resultatet er no klart, og ifølgje rapporten er det påvist ureining og miljøgifter i fleire av dei analyserte prøvene. I eit lite tjern like ved miljøstasjonen vart det tatt to prøver, der begge inneheldt bly, sink, olje og PAH. Den eine av vassprøvene hadde også spor etter kvikksølv.

Lausmassane inneheldt diverse oljerestar, det vart funne PCB, høge konsentrasjonar av bly og PAH i einskildprøver.

«Den påviste forurensingen i overflateløsmassene skyldes høyst sannsynlig spill og søl ved handtering av produkt som inneholder miljøgifter», skriv Multiconsult i sin rapport.

Stort deponi

Firmaet konstaterer vidare at vatnet i tjernet er ureina med ulike typar miljøgifter.

«Det er usikkert om forurensingen stammer fra dagens drift av gjenvinningsstasjonen eller om det er utlekking frå det gamle deponiet som ligger under stasjonen», skriv Multiconsult i rapporten.

Og det er ikkje minst dette siste som uroar grunneigar Marith Nigardsøy.

— Vi veit det var alt mogeleg her som fyllinga vart laga, kjøleskap, bilbatteri og liknande. Og ingenting av fyllinga er sikra mot tjernet, som også er i kontakt med sjøen som kjem inn gjennom grovmassane under vegen som går der, fortel ho.

Det var far hennar som i 1982 leigde området ut til kommunen, som skulle bruke det til grovfyllplass. Etter ein driftsperiode var avtalen at området skulle dekkast med jord og såast til.

— Dette var jo ein del av garden vår. No er det så mykje gift her at det ikkje går an å bruke området.

— Kven meiner du har ansvaret?

— Det er jo klart at dei ikkje har drive denne plassen slik dei skulle, korkje kommunen eller avfallsselskapet, seier Marith Nigardsøy.

Skal rydde opp

Ifølgje styreleiar Kristen Hundeide i NoMil overtok selskapet avfallsplassen frå kommunen rundt 1996.

— Vi veit jo at plassen har vore brukt tidlegare, men veit ikkje kva som eventuelt ligg i fyllinga, seier Hundeide.

— Er det aktuelt å grave opp fyllinga?

— Vi kjem til å rydde opp etter vår verksemd, og så får kommunen eventuelt vurdere det spørsmålet, seier Hundeide.

Han reagerer sterkt på at fylkesmannen har tatt saka til politiet, og meiner det er ein overreaksjon.

— Vi hadde god dialog og fekk rydda opp etter inspeksjonen i april. Difor vart vi forbausa over å bli politimeld, seier Hundeide.

Han meiner også ordbruken frå fylkesmannen og medieomtalen av saka har skapt eit bilete som ikkje er korrekt.

— Vi legg ikkje skjul på at det har vore problem med denne stasjonen. Men det er tatt hand om, vi tek fullt ansvar og ryddar opp i dette no.

Allereie før inspeksjonen i april hadde NoMil vedteke og stenge Nybø gjenbruksstasjon, og ein ny skal vere klart til bruk seinare i år.

Hjå fylkesmannen i Sogn og Fjordane viser dei til at saka er under politietterforsking, og ønskjer ikkje å kommentere den no.