Fargebytet frå kvitt til grønt marker ny status som stamveg mellom Voss og Odda (Jøsendal) frå årsskiftet. Sidan også riksveg 9 gjennom Setesdalen får same status, blir det ein samanhengande «indre» stamveg frå Voss til Kristiansand. Også riksveg 7/52 Hønefoss-Gol-Borlaug blir med i stamvegnettet. Vegmøta på Voss og i Granvin i går sette dei ulike prosjekta inn i større samanhengar. Mellom anna vart nord/sør-funksjonen til Hardangerbrua understreka av statsråden. Møtet drøfta også dei mindre konfliktfylte elementa i «Vossapakko». Her kan største konflikta verta kor langt opphald gravensarar på veg til Bergen kan ha på Voss utan å betala bompengar to gonger. Vikafjellsvegen og Jondalstunnelen var ikkje tema denne gongen.

GRØNT: Samferdsleminister Torild Skogsholm avdukar vegnummerskilt og markerer stamvegstatus frå Voss til Kristiansand. Ho er assistert av distriktsvegsjef Arnfinn Ansok (t.h.) og Lars Aksnes i Vegdirektoratet.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH