– Dette er eit utslepp som er heilt ufarleg for miljøet, og som ligg godt innanfor dei konsesjonane vi har, seier dagleg leiar Christian Landaas i Eras.

Da utsleppet var synleg på Høyangsfjorden laurdag ettermiddag, var det gått mindre enn tre dagar sidan bedrifta sist vart meldt for ulovleg utslepp av 1,8 kilo sinkoksyd i fjorden.

Og i september i fjor hadde Eras eit stort utslepp. Den gangen skal over 300 kilo bly gått i fjorden, og denne saka er enno ikkje påtalemssig avgjort.

Tidlegare denne månaden gjekk Mattilsynetut og åtvara folk mot å spise sjhømat frå Høyangsfjorden, på grunn av høge verdiar av tungmetall.

Mattilsynet meiner at også gamle synder frå industristaden Høyanger har medverka til denne ureininga.