To Sea King redningshelikopter og eit av forsvarets Orion-fly vart måndag sett inn i leitinga etter sjarken frå Florø.

Søket vart avbrote då det vart mørkt ved 16-tida, og skal byrje att når det lysnar tysdag morgon.

Siste livsteikn frå den 35 fots (10,5 meter) sjarken var torsdag ettermiddag, då mannskapet på to ringde heim frå mobiltelefonen om bord. Sjarken var då på veg ut frå Henningsvær hamn.

Alle hamner sjekka

— Vi har no sjekka ut alle aktuelle hamner og bunkersstasjonar på strekninga Henningsvær-Florø, opplyser Hovudredningssentralen i Bodø, som koordinerer søket etter båten.

"Brendholm" skulle normalt bruke om lag fem døgn på turen. Dei to om bord er menn i høvesvis 30-åra og 40-åra, begge heimehøyrande i Flora.

Midt på dagen måndag vart eit Sea King helikopter nummer to sett inn i leitinga. Det tok av frå Ørlandet, og skal søke langs kysten på sin veg nordover.

Tungt lasta

"Brendholm" er bygd i 1981, har skrog av plast og er utstyrt med ein 122 hk motor. Båten har ikkje nødpeilesendar om bord.

Då den forlét Henningsvær, hadde båten drive garnfiske i Lofoten ein månads tid. Han var relativt tungt lasta med garn både på dekk og i rommet.

Veret har vore bra, men svært kaldt i området der båten er sakna. Det har blåse opp i liten kuling, men for ein båt av denne typen skal ikkje det vere noko problem, opplyser dei ved hovudredningssentralen.

Alle farty på den aktuelle strekninga er varsla om den sakna fiskebåten.

Foto: Arild Engelsen